Av 13 foto finn vi eit bilete frå Uskedalen. Fotografen er Harald Sætre og motivet er frå Haugland skulemuseum, ein vakker haustdag der vi ser den gamle skulen og utedoen omkransa av store tuntre. Grenda har produsert kalenderen i formatet 50 x 70 cm sidan 2014. Før den tid var det Sparebank 1 SR-bank som var utgjevar.


Gunn-Bente Stølen fortalde til uskedalen.no i 2021 at ho hentar inn bilete med varierte motiv frå lesarane. Av om lag 200 motiv vel ho ut mellom 10 og 15 foto til årets kalender. Bileta skal helst vera frå ulike bygder og frå ulike årstider. Motiva er stort sett henta frå natur, dyr og folkeliv. Bileta har ikkje vore på trykk i Grenda før.


Mange sender inn tinging på kalenderen Det er ikkje naudsynt. Grenda køyrer ut til verksemder, butikkar, kontor .og møteplassar. Kalenderen kan også hentast i redaksjonen på Grenda. Interessa har vore stor i alle år, like sidan Sparebanken tok til med dette i 1986.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Henta frå årets kalender