Haugland skulemuseum har “vind i segla” med auka bruk og interesse. Ein avtale, sist revidert i 2016, om tilgang til toalett og vatn i Vonheim vert fornya. Ein revidert avtale vart drøfta på møte sist veke. Med på møte var Møyfrid Kristoffersen og Monica Antonsen frå styret i Vonheim og representantar frå Kvinnherad kommune. Frå kommunen møtte Anbjørn Høivik, Kristian Helgesen og Knut Bjørgvik. Kommunal kontaktperson Kristian Bringedal var også med på møte.

Skulemuseet med dei to vakre benkene. ( Arkivfoto )

Utdrag frå avtalen:

  • Kvinnherad kommune v/ skulemuseet skal ha tilgang til kjellaren med toalett og kjøkken.
  • Leigetakar kan nytta kjellaren til samlingar ut frå museet sitt føremål.
  • Det vert sett ein sum for årleg leige, som også skal dekka straum, vask og sanitærutstyr.

Anna førefallande arbeid styret eller andre i Vonheim gjer for kommunen, skal lønast. Det kan mellom anna vera måling, vask, rydding og omvisning.

Alt dagen etter møte var Møyfrid og Monica i sving med vask og rydding, eit stort og omfattande arbeid. Det vart mellom anna rydda i mykje av det som har kome inn i samlinga frå andre nedlagde krinsskular, slik som bøker, kart, plansjar, AV midlar og anna utstyr.

På møte kom det elles fram at det vert førebudd utgreiing og sak om framtida til kommunale museum. Dette gjeld Bygdetunet Rød, Haugland skulemuseum og Skaalurensamlinga. Kva som kjem ut av dette arbeidet, kjenner vi ikkje til.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto