Hardangerjakta MATHILDE kom til Skorpo og Uskedalen i går kveld. I dag ligg fartyet på Sandakaien for bunkring og proviantering. MATHILDE er eit velkjend syn i Uskedalen med sine faste turar og hamn på Skorpo. I denne veka er det klargjering før ein tek til med klassar på leirskule. MATHILDE er ei 125 år gammal hardangerjakt på 73 fot med ein tonnasje på 76 brt. Etter å ha blitt tilbakeført som seglfartøy, har ho sidan 1989 vore i aktiv drift om lag 8 månader i året. Seglsesongen har eit mønster med 6-8 veker kulturtokt (dagsturar), 8-12 veker med leirskuletokt (5 dagars tokt), og nokre veker med sommartokt for ulike grupper. MATHILDE har eit fast mannskap: Skipper, bestmann og kokk. Som oftast er det eit mannskap på 4 personar.  

Audun Apelset er vikarskipper i denne veka.

Audun Apelset har vore skipper i mange år. Han gjekk av med pensjon i fjor, men fungerer som vikarskipper når det trengst. Med seg har han mellom anna båtbyggjar Peder Fureberg frå Fureberg i Mauranger. Fartyet er rigga og tjørebreidd for sesongen. Ny maskin er på plass og jakta er klar for den årlege sjøkontrollen.

Hardangerjakta MATHILDE er klargjort for sesongen. Fyrste tokt er i leirskulefarten.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal