Har vore ute og "lufta" MF PETTER DASS i dag.
BOREAL si reserveferje MF PETTER DASS, som til vanleg ligg til kai ved SELSTAD/Eidsvik, er klar for avgang til Mekjarvik. I dag var ferja å sjå i Storsund for prøvetur. Då vert alt utstyr testa. Ferja går inn i rute der det trengst i BOREAL sine konsesjonsområde, ofte i ruta Kvanndal – Utne og Utåker – Skånevik – Matre. Uskedalen er ein sentral plass i dette område. No er PETTER DASS klar for ferjerute i Rogaland.
Ferja er bygd i 1997 ved Harstadverftene i Harstad, den gongen for Helgeland Trafikkselskap. Heimehamn er Sandnessjøen. Den 70 meter lange ferja gjekk lenge i faste ferjesamband på Helgelandsskysten. Ferja kom sørpå etter at BOREAL fekk konsesjon på ferjedrift i Hordaland. MF PETTER DASS har ein lastekapasitet på 300 passarsjerar, 50 personbilar og 9 vogntog.
Vidar Koløy frå Uskedalen er kaptein i BOREAL. Han er til vanleg på ruta Kvanndal – Utne og har vore innom ferja PETTER DASS. Nett no er han på ferja VOLLSØY.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal