
Har sommarjobben sin på Rabben Feriesenter.
Uskedalen.no held fram ein serie innlegg om ungdom og sommarjobb. Neste ut er Rabben Feriesenter som har fire jenter, alle frå Uskedalen, i sommarjobb. Dei dekker vaktene frå kl. 09 – 21, kvar dag i juli og til skulestart i august. Jenta på bilete på topp er Iselin Seim Myklebust. Dei tre andre er Linnea Hauge (var sommervilar i fjor også), Linnea Myklebust Ripel og Maren Haugland Gundersen. Alle er tilsette som resepsjonistar og reinhaldarar.

Dagleg leiar, Magne Heggøy, er godt nøgd med sommarvikarane. Dei er flinke og arbeidssame. Han fortel at på nokre vakter kan det vera travelt og mykje å gjera, andre vakter kan vera meir rolege. Det er veravhengig. Heggøy vil helst finna arbeidskrafta i bygda. Han ser fram til at jentene vil halda fram i sommarjobben til neste år også.
Linnea Hølleland Hauge hadde frivakt og er difor ikkje med på bileta.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal