Har merka sti frå Klepp mot ungdomslagshytta Fjelly.
Steinar Kroka ligg ikkje på latsida. I tillegg til å vera ein aktiv medlem i Dugnadsgruppa, driv han på med sine eigne friluftsprosjekt. Det siste er at han med god hjelp frå familien har merka sti frå Klepp mot ungdomslaghytta Fjelly. Svigerrinna Edith oppmodar alle spreke turgåarar om å bruka traseen. Dermed vert det ein godt synleg tursti frå eit besøksmål fram til eit anna.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto. Edith Haugland