Dugnadsgruppa, eller seniorgruppa, har gjort svært mykje dugnadsarbeid til beste for bygda i den tida den har eksistert. Det kjem også nye medlemmer til, men så vidt eg kjenner til er det ingen som har slutta. Dei har det så kjekt saman når dei møtest til ulike dugnadsprosjekt kvar torsdag. Dei to siste torsdagane har dei arbeidd med å byggja opp trapper og gjera stien opp til Låganåso betre og tryggare. Dette vil turgåarar særleg merka når dei går på ned. På bildet over ser vi dugnadsgjengen sist torsdag ved ei av trappene dei har bygt.

Mykje godt og tungt arbeid er gjort av denne gjengen!

Pål Haugland i dugnadsgruppa fortel at det har vore så godt frammøte at dei har fordelt seg på ulike parti i stien. Det har vore 8-9 arbeidsvillige og humørfylte pensjonistar kvar av dei to torsdagane.
Det har vore trapper der frå gammalt av, men dei har rast saman og steinhellene har samla seg nederst i kvar trapp.
– Det har vore tungt arbeid å få dei opp att. Vi har prøvd å få trappene tilbake til slik vi trur dei har vore i gammal tid. Vi har nemleg ikkje sett korleis dei opphavelege trappene var i vår tid, fortel Pål Haugland om prosjektet.
– Vi har prøvd å få lagt hellene i vater for å redusera faren for å gli.
Han legg til at dei sjølvsagt har brukt stein frå plassen, og den kan vera litt grov.
– Men dette skal jo ikkje vera for prydaktig. Vi vil at det skal vera mest mogeleg slik vi trur det var i gamle dagar, seier Pål og er fornøgd med arbeidet som til no er blitt gjort. Han legg til at det sikkert kunne vore gjort meir, men det får bli med dette, i alle fall i denne omgang.

No er den supre dugnadsgjengen klare til å gå i gang med nye nyttige prosjekt komande torsdagar. For ein kjempegjeng!!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Tore Nordahl-Pedersen