Planten Parkslirekne er godt synleg fleire plasser i Uskedalen, mellom anna nedom skulen på gangvegen frå Neset mot Stølavikjo og ikkje minst på elvekanten. Dersom du har parkslirekne i hagen din, har du verkeleg eit problem. Planten formeirar seg raskt og invaderer nye areal kvart år. Parkslirekne er eit stor staude frå Aust- Asia som kom til Noreg som ein prydplanten på 1800 talet. I dag er planten mykje å sjå langs kysten og det like nord til Troms fylke. Det er gjort mange forsøk på å få bukt med parkslirekne, men det syner seg å vera vanskeleg. Eit tiltak med beitande geiter på elvekanten ved Dønhaug og Døssland for 2 år sidan førte ikkje fram.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal