Bergen Klatreklubb ynskjer å laga ny klatreførar for Uskedalen og Eikedalen til sommaren. Dei treng gode klatrebilete. Dersom du har høvande bilete, send melding til omogreid@gmail.com. Bilete som kjem på trykk vert honorert med eit gratis eksemplar av den nye føraren.

Sidetalet er ikkje bestemt enno. Klatreføraren, som kom i 2013, var på 146 sider. Den er no heilt utseld. I mellomtida er det komne til mange nye ruter både i Uskedalen og i Eikedalen. Sidetalet må utvidast for å få plass til dei nye klatrerutene. Den nye klatreføraren vert truleg på om lag 180 sider.

Innhaldet vil vera informasjon om klatringa i Uskedalen og i Eikedalen. Hovudinnhaldet vil vera fotografi med eksisterande ruter stipla inn. Det vert også teikningar og tekstbeskrivelse av kvar enkelt klatrerute. Alt er krydra med bilete med motiv av klatrarar i aksjon i veggene. I tillegg vert det skrive litt historikk om klatringa i Uskedalen og praktisk informasjon om korleis ein kjem seg til Uskedalen. Det er vert informasjon om overnatting og parkering.

Klatreføraren vert seld frå Bergen Klatreklubb og i lokale sportsbutikkar, nettbutikkar og hos andre som ynskjer å selja den. Det kan til dømes vera hos lokal turistinformasjon, overnattings- og campingplassar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Bergen Klatreklubb