Frist for levering/avtale er 1. juni.

Arbeidet med den 3. boka i serien “Den nære fortida” er no inne i sluttfasen. Så godt som alle artiklane er ferdigskrivne, og korrekturlesinga er godt i gong. Skriftstyret har fått inn mange kjekke, illustrerande, minnevekkjande og koselege bilde, men dei er framleis interesserte i fleire. Bilda er kjempeviktige, og di meir skriftstyret har å velja i, di betre vert sluttresultatet. Derfor oppfordrar dei alle som har bilde, om å ta kontakt med skriftstyret (thordossland@gmail.com eller 932 88 237) innan 1.juni. På bildet ser vi ein god gjeng som slappar av på “vedalaet” utanfor Fjelly på 1960-talet.
Tema for artiklane i boka er lista opp nedanfor, og vi er svært interessert i bilde av foto tilknytta dei og av personar som har tilknytning til dei:

  • Overnattings- og serveringsstader som Kafè Anker, Solheim Turiststasjon, Uskedalen Gjestgiveri, Rabben Camping (no Feriesenter) og pensjonatdrifta ved Kapteinsgården.
  • Det yrande folke- og hyttelivet rundt Mannsvatnet med hovudvekt på dei 3 tiåra fram mot 1975.
  • Strandstafetten, storarrangementet 1. mai gjennom meir enn 25 år. Har nokon bilde av arrangementstaben, publikum og Birger og Torfinn Myklebust saman?
  • Elektrisitetsproduksjonen i Kjærlandsverket og kraftverket på Klammeren.
  • Bilde frå Skorpo og gardsarbeid der, særleg frå garden der Johannes Hauge budde.
  • Skogplantinga for om lag 60 år sidan
  • 17. mai 1914
  • Frå arbeidet med dugnadsvegen som skulle gå frå Øvre Musland til Matre.
  • Uskedal Vassverk.
  • Frå den svært betydningsfulle arbeidsplassen som hermetikkindustrien var fram til storbrannen.

Boka vert i same format som tidlegare, men det ser ut til å bli ein auke i sidetalet. Den skal vera klar til bokslepp 9. november, og det vil starta opp førehandsalg til redusert pris (250,-) frå 20. august.

Medlemmer vil få 1 eksemplar av boka til halv pris. Medlemskontigenten er 200,- pr år og er til god støtte for arbeidet i historielaget. Den kan betalast med vipps til 76 38 03 eller til bankkonto 3207.37.52026.

Grillfest på Rabben
Tekst: Uskedal Historielag, skriftstyret
Fotoeigarar: Gunnvald Friheim/Tove og Egil Høgemark
Nett: Thor Inge Døssland