Sunnhordlandsmeisterskapet i friidrett(enkle øvingar) blei arrangert på Heio 7 gonger, – i 1954, 1957, 1960, 1963, 1967, 1976 og i 1982. Dette var eit stort arrangement over 2 dagar med mange deltakarar frå heile Sunnhordland, og med svært mykje publikum.
Ei undergruppe av Den lokalhistoriske arkivgruppa prøver no å samla inn stoff knytta til desse meisterskapa. Vi er svært interessert i bilde, kjekke historier og artige minne frå desse meisterskapa. Det kan sendast eller leverast til thordossland@gmail.com eller til Astrid og Pål Haugland.
Bildet over er frå 1960, og vi ser at det var tett med publikum. Ser de nokon kjente? Nr.3 frå venstre av dei vaksne er Kristen Døssland.

Frå meisterskapet i 1967. Stein Bakke frå Stord(nr.2 f.v.) ligg som nr.3, men kven er dei to første? Er han til venstre Lars Magne Haugland? Truleg er det frå finalen på 200m. Vi ser at det var 4 løpebanar.

Vi har allereie fått god respons etter oppslag i avisa Sunnhordland og på facebook. God informasjon har vi også fått etter direkte kontakt med folk, men vi håpar å få inn mykje meir av både bilde og anna stoff. Det kan vera frå sjølve idrettsstemnet, men det kan også vera frå aktiviteten rundt slik som klargjering av banen og innsatsen på det området. Vi veit at det var overnattingar både i løe og telt i tillegg til private heimar. Har nokon minne frå det. Vi veit at det var ein flott fest i Helgheim under SM i 1954. Veit nokon om det var festar, og eventuelt kva som var på programmet?

Vi er svært glad om det tidfestar både bilda og historiene. I tillegg er det kjempeflott viss de kan setja namn på dei som de kjenner, på bilda.

Vi håpar på god respons og seier tusen takk!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Gjert Myklebust og Harald Sætre.