Hans Petter Lange(62) som bur på Ljosnes, overtar som fabrikksjef ved Hydro Husnes når Johan Berg sluttar 1.juli for å styra Hydro sitt deleigde aluminiumsverk i Qatalum i Qatar. Lange overtar stillinga for ein periode fram til det blir tilsett permanent ny fabrikksjef. Det er Kvinnheringen som melder dette. På bildet over slappar Lange av i finveret heime på Ljosnes.

Lange har brei og lang erfaring å ta med seg inn i den nye jobben. Han kjenner Hydro Husnes godt etter å ha jobba ved verket i 18 år frå 1985 til 2003. Mesteparten av tida var han elektrolysesjef.

Etter det har han jobba innan den internasjonale aluminiumsmarknaden. Først frå 2003 til 2007 då han var verkssjef for Alcan i Lochaber i Skotland. Etter det har han hatt mange ulike jobbar i Hydro-systemet, blant anna som elektrolysesjef i Qatalum (2012-1019). Siste halvtanna året har Lange jobba med å følgja opp fire utanlandske aluminiumsverk der Hydro er deleigar og har serviceavtale. Desse verka held til i Brasil, Slovakia, Tyskland og Qatar. I denne tida har Lange hatt heimekontor på Ljosnes. På Ljosnes tar han også del i drifta av småbruket saman med kona Elin Legland. Der dyrkar dei både poteter, grønsaker og andre plantevekstar. I tillegg har dei litt geiter, kyr, høner, ender og to shetlandsponniar.

Hans Petter Lange har koseleg selskap under potetsettinga tidlegare i år.

Når Hans Petter Lange no er tilbake på Hydro Husnes, kan vi sei at ringen er slutta. Han er tilbake der den inhaldsrike og interessanne reisa starta.

Vi kan vel òg nærast seia at han har fått industri og aluminiumsproduksjon inn med morsmelka. Han er nemleg fødd i Tyssedal og flytta ved skulestart til ein annan industristad, Høyanger, som kanskje må reknast som Norges aluminiumshovudstad.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Foto: Elin Legland.