Stordabuen Halvor Folgerø er ein velkjend forfattar, musikar og journalist. No om dagen er han igjen aktuell med ei splitter ny bok: FERJEFOLKET, Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø. Kvinnherad Senioruniversitet har vore heldige og har kapra Folgerø til neste møte i Rosendal Samfunnshus i morgon, torsdag 14.november. Der vil han presentere denne nye boka, full av kvardagshistoriar, komikk, romantikk og dramatikk frå ferjene på Vestlandet.

Etter boka om Vestlandsvegar kjem Ferjefolket


Folgerø hevdar: – Vestlandet kan oppsummerast i tre f-ar: fjell, fjordar og ferjer. Og han seier vidare at ingen transportmidlar er meir elska og hata enn ferjene, Dei er ein viktig del av folkesjela her vest, anten me likar det eller ikkje. Sakte men sikkert er mange av ferjestrekningane blitt erstatta med bruer og tunellar. Derfor er det viktig med denne boka for å ta vare på vår nære historie.


Boka vart lansert 24.oktober og har fått strålande omtale. Me som kjenner Halvor Folgerø frå TV og frå tidlegare møte, veit at han er ein utruleg lun og fin fyr og ein framifrå formidlar. Me minner om at møta i Senioruniversitetet er opne for alle som har tid og lyst til litt fagleg påfyll og ein god drøs, “ansikt til ansikt”, på ein torsdag føremiddag.


PS! Etter føredraget vil det bli høve til å tinga julebuffe i samband med julemøtet på Husnes, 5.desember. Tinging på SMS og nett frå 15.11.kl 12. Begrensa plass!


Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal