Halsabrotet 103 kjem for sal. Velhalde hus, dobbel garasje og utestove med panoramautsikt.
Einebustad med panoramutsikt i Halsabrotet kjem for sal. Det er eit populært buområde, sentralt i Uskedalen med gangavstand til skule, barnehage, aktivitetshus og park, båthamner, badestrand, kyrkje, butikk og andre sentrumsfunksjonar.

Huset ligg vakkert til med panoramautsikt mot Skorpo, Hardangerfjorden, Storsund, Eikelandet og med storslage fjell som Ulvanoso, Englafjell og Manen rundt. Det er merka og tilrettelagde stiar til fjells og i nærområde. Skårhaug er eit sentralt friområde med turveg, stemneplass og møterom.
Det er lettstelt uteområde og hage. Om husa tek vi med:
- BRA bustad: 208 m2
- BRA totalt: 318 m2
- Byggeår: 1997/1998
- Bustadinnhald: Stove, kjøkken, entre, 4 soverom, 2 bad, vaskerom, kjellarstove, bod og loftsrom
- Dobbel garasje, BRA 42 m2/ 31 m2, kjellarbod
- Utestove, BRA 17 m2/ 20 m2, kjellarbod
Det føreligg takst og tilstandsrapport.
For meir informasjon: Kontakt Terje Rød på mobil 900 99 058.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Henta frå salsprospektet