Hallen opnar for aktivitetar i dag, fredag 28. mai.
Aktivitetshuset opnar for trening og aktivitetar frå og med i dag, fredag 28. mai. Dette er med bakgrunn i Regjeringa sin plan for opning av samfunnet. Graderobane vil vera stengt fram til ein er på grønt nivå, trulegvis frå måndag i neste veke.
Tilrådde gruppestorleik bed organisert trening i breiddeidrett og kultur- og fritidsaktivitetar vert auka for vaksne over 20 år. No er talet auka frå 10 til 20 personar inne og frå 20 til 30 personar ute. Fleire grupper kan vera i aktivitet på same tid. Kravet er at ein held avstand i ulike kohortar.
Det er Uskedal idrettslag ved leiar Chris. Fossli som melder dette.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal