Det 90 meter lange bulkskipet HAGLAND CAPTAIN. kjend frå skipsdramaet på Hustadvika i 2019, var nyss i Uskedalen og lasta tømmer på Børneskaien. Hagland shipping i Haugesund eig skipet, som var bygd i India i 2012. HAGLAND CAPTAIN fekk motorstopp på Hustadvika samstundes med Hagen sitt cruiseskip VIKING SKY. Mannskapet hoppa i sjøen og vart plukka opp av helikopter. Dei fekk slepar ombord og skipet vart slept inn til lands.

Uskedalen.no sin maritime kommentator, Øystein Enæs, fortel at HAGLAND CAPTAIN er utstyrt med batteripakke som gjer at skipet kan gå ut og inn av hamner med elektrisk kraft, rett nok berre med avgrensa tid på 30 minuttar. Skipet er det fyrste i sitt slag i kystfart med denne løysinga. Hybrid – batteripakken fører til redusert støy og forureining i hamner.

HAGLAND CAPTAIN var det fyrste skipet i kystfart som fekk montert Hybrid – batteripakke.

Øystein Enæs har sjølv vore på to Haglandskip, MS MILLENIUM og MS MINA.

I det uskedalen.no skulle skriva dette innlegget, vart Hustadvika på nytt plassen for det som kunne vorte eit nytt skipsdrama. Hurtigruteskipet KONG HARALD var brått utan maskinkraft og måtte tilkalla hjelp. Skipet gjekk for eiga maskinkraft til hamn i Molde.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal