Gunn Mari Moberg er vald til ny leiar i Uskedal Utvikling. To styremedlmer er nye. Det er Eva Reime Ljosnes og Janicke Myklebust. Dei andre gruppene held fram med sitt arbeid. LivOGlyst, som kan syna til stor aktivitet i 2023, held fram ut april. Då er det slutt. Årsaka skal vera lita interesse og manglande oppsluttnad i arbeidsgruppa. Pål Haugland frå Dugnadsgruppa la fram ei omfattande melding. Det same vart gjort frå nettsida uskedalen.no og frå Kafe Tiaren. Styret har jobba med Gamleskulen og uteområde. Bilete: Dei andre i styret var ikkje til stades då bilete vart teke.

Pål Haugland (t.h.) la fram ei omfattande melding frå Dugnadsgruppa.

Styret er:

  • Gunn Mari Moberg – leiar, vald for 1 år
  • Remi Onarheim – nestleiar/kasserar, vald for 2 år
  • Eva Reime Ljosnes – styremedlem, vald for 1 år
  • Janicke Myklebust – styremedlem, vald for 2 år
  • Steinar Kroka – styremedlem, vald for 1 år
  • Berit Harriet Døssland – varamedlem
  • Oddbjørn Kroka – varamedlem
  • Egil Myhre – varamedlem

Revisorar: Hans Reidar Kjærland og Klara Bakke

Valkomite: Oddbjørn Kroka og Egil Myhre.

Meir frå årsmeldinga kjem i eige innlegg.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal