Vegmerkinga etter asfalteringa er utført. Det gjeld gul stripe der det let seg gjera, kantliner, merking for stopp ved innkøyring på forkøyrsveg. Merkinga vart gjort i denne veka av Vegmerking Vest AS. Det er eit grundig og nøyaktig arbeid utført etter ein fastsett plan. Fartshumpen ved busslomma er bygd opp på nytt etter EU krav ut frå kva fartsgrense det er på plassen. Det som var den verste fartshumpen i Kvinnherad, er ikkje å kjenna att. Den fartsdempande humpen er mild i forma. Fotgjengarfeltet er på plass. Nokre parti langs Eikelandet og på Steinsletto har ikkje nok vegbreidde til å kunna få gul stripe. Biletet på topp syner forvarminga. Like bak kjem bilen for vegmerkinga.

Den fartsdempande humpen ved buslomma vert bygd opp etter EU krav, tilpassa fartsgrensa på plassen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal