Gudsteneste med dåp, nattverd og offer til Den indre Sjømannsmisjon.
Det er ikkje ofte det er gudsteneste i Uskedalen helg etter helg. Slik er det denne gongen. Det er dåp, nattverd og offer til Den indre Sjømannsmisjon, mellom anna for å vera med i arbeidet for å sikra vidare drift av betelskipet ELIESER 6. Det er vanskar med økonomien og skipet ligg for tida i opplag. ELIESER har fast stopp i Uskedalen. Camilla Myklebust har tidlegare vore tilsett på betelskipet. For dei som ikkje har høve til å koma på gudstenesta sundag 1. oktober kl. 11, men vil gje si støtte, bruk VIPPS 131504 Uskedal sokneråd.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Øystein Enæs