Det vert ei gudsteneste ein kallar UNG MESSE i morgon, sundag, kl. 11 i Helgheim. Konfirmantane har oppgåver i gudstenesta. Det er dåp, ikkje nattverd. Offergåva går til konfirmantarbeidet. Liturg er sokneprest i Husnes, Kjetil Kringlebotten. Organist: Rebekka Attramadal. Klokkar: Kristian Bringedal. Etter gudstenesta er det årsmøte i soknet med årsmelding og rekneskap for 2025. Kyrkjekaffi. Dersom du treng kyrkjeskyss, ring 90606517 – Møyfrid Kristoffersen. Alle er velkmome. Ein konfirmant var ikkje med då bilete vart teke.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal