Etter gudstenesta i morgon, sundag 24. oktober, er det soknemøte. Det er ei sak på saklista. Det skal gjerast eit formelt vedtak om ny og felles liturgi for alle kyrkjene i Kvinnherad. Revidert liturgi med nokre tilpassingar gjeld for heile landet. I tillegg ynskjer Fellesrådet ein lik og samordna liturgi for alle soknene i Kvinnherad. Dette vert gjort for å forenkla gjennomføringa av ei gudsteneste for prestane. Ein lik liturgi vil også gjera det enklare for dei som ynskjer å bruka ei anna kyrkje enn der ein til vanleg høyrer til.

kb