Grude Bygg fekk inngangsetjingsløyve til lagerbygg i seksjonar på Børnes.
Grude Bygg med firmaadresse 4353 KLEPP STASJON fekk før jul løyve til å føra opp lagerbygg på Børnes i Uskedalen. Det om lag det same bygget Fronta på Stord hadde planar om før konkursen. Bygget vert reist i betong, ikkje stål slik det fyrst var planlagt. Bygget med 16 seksjonar har eit bruksareal på 1179 rutemeter. Fleire av seksjonane er alt selde.
Tomta på 6,3 dekar har gnr. og bnr, 134/99. Det er tenkt fleire lagerbygg på arealet. Naboane er varsla og har ikkje merknader til oppføringa. Det er opplyst at det ikkje skal installerast toalettrom i bygget.

Saman med løyve er det internt brev om godkjend avkøyrsle til kommunal veg. Løyvet er gylding i tre år frå vedtaksdato. I sakspapira kjem det mellom anna fram at TM anlegg skal ha arbeidet med veg og anlegg. Into Røyr står for vatn/avløp, Into Elektro for brannalarm og ledlysanlegg.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kartskisse - plassering