I ei melding på Facebook kjem det fram at Gro`s Blomster innstiller drifta. Siste opningsdag vert torsdag 30. april. Les kva Gro skriv:

Det ser dessverre ikkje ut som vi får nokon til å driva butikken vidare. Vi held ope som normalt fram til påske, og får i den tida jamleg påfyll av friske, nye blomar. 30 april vil vera siste opningsdag. Har du gavekort liggjande, så husk å få brukt det innan den tid. Ta gjerne turen innom butikken.

Då uskedalen.no var innom blomebutikken i dag, var ho klar med levering av den siste Målblomen til Kvinnherad Mållag. Ho har vore fast leverandør av denne blomen i alle dei åra mållaget har brukt målblom som ei påskjønning.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal