Det er eit lite jubileum i år. Gro Hjelmeland har nemleg laga og levert Målblomen i 25 år. I åra fram til ho starta Gro`s Blomster i Uskedalen i 2008 var ho tilsett hos Haktorson og seinare Fredheim på Husnes. I alle desse åra, før og etter 2008, har ho vore fast leverandør av Målblomen. Målblonen er ei samanplanting av blomar som høver til årstida og som skal vara ei stund og vera synlege i ein resepsjon eller på eit kontor.

Gro Hjelmeland fortel til uskedalen.no at før var det meir vanleg med samanplantingar. No går det mest på dekorasjonar, bukettar og avskorne blomar.

Målblomen er ein pris til verksemder, organisasjonar og personar for medvite bruk av nynorsk i lysingar, marknadsføring og alt skriftleg tilfang internt og ut mot kundar og brukarar.

Desse verksemdene i Uskedalen er tildelt Målblomen:

  • 2003: Uskedal Trelastlager
  • 2012: Hjønnevåg
  • 2014: SPAR Uskedalen
  • 2016: Festidalen
  • 2021: Elins Matgleder
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal