Gråveret stoppar ikkje fjellklatrarane.
Ulvanåso er vide kjent som eit klatreeldorado, og kvart år møter eg på fjellklatrarar som kjem hit frå alle verdas kantar. Veggen i Ulvanåso får topp katakter både i nasjonalt og internasjonalt klatremiljø. Eg blir ikkje overraska om eg treff på amerikanarar, hollendarar, folk frå Australia eller alle mogelege andre land. Likevel blei litt overraska då eg la merke til bilar ved fleire av klatreutgangspunkta oppe i dalen i gråveret lørdag føremiddag. Rett nok var meldingane gode med omsyn til regn og vind, men skyene og skodda låg tung over fjelltoppane.
Eg stoppa med to karar som dreiv og pakka ut og gjorde klart utstyret ved forsamlingshuset Vonheim. Det var Sølve Bergheim(t.h. på bildet over) frå Bygstad i Sunnfjord og Juraj Palenik frå Slovakia. Begge er for tida studentar, og dei er medlemmer i Bergen klatreklubb. Dei fortalde at dei var relativt ferske i denne typen klatring, men begge hadde vore i Ulvanåso og klatra ein gang før. Sølve hadde vore ein gang tidlegare i år medan Juraj var her i fjor.
Dei hadde komme fredag kveld og hadde blitt litt overraska då det var stengde butikkar då dei passerte Rosendal då klokka var mellom ti og halv elleve. Dei hadde campa ved Fjellandsbøvatnet om natta og hadde fått seg eit forfriskande morgonbad før det kjørte til Spar og fekk mellom anna kjøpt seg Uskedalsburger.
Dei karakteriserte Nåso som ein av dei absolutt beste veggane i landet, og når det galt rutevalg tok dei omsyn til veret. Dei la opp til roleg klatring i “Jomfruer i nød”. Viss veret blei bra, ville dei ta ei litt lengre rute etterpå.
Den nye klatreføraren som er gitt ut av Bergen klatreklubb, kom ut for eit par veker sidan. Etter det vi kjenner til, blir den å få kjøpt på Rabben Feriesenter. I forordet til den heiter det m.a. “Etter det vi kjenner til ble Uskedalen første gang besøkt av fjellklatrere i 1987. “Uskedaldierdiet” og “Ville okser” ble førstebesteget av to taulag som uavhengig av hverandre “oppdaget” Uskedalen. At veggene, opptil 600 meter høye, fikk ligge urørt såpass lenge, er ganske utrolig. Klatrere fra Bergen har dratt på tur til Bjørndalstraversen og Folgefonna i tiår uten å legge merke til de ruvende veggene like ved……..” Vidare i føreordet skriv redaktøren for klatreføraren, Odd Magne Øgreid, om tidlegare historie der lokale bønder var på dei utrulegaste plasser for å berga geiter og sauer. Han karakteriserer dette slik: “De største karstykkene var nok gjort i Uskedalen lenge før såkalte fjellklatrere oppdaget stedet.”
Sølve Bergheim og Juraj Palenik ville la veret bestemma når dei skulle returnera til Bergen. I løpet av sommaren kjem nok sikkert både dei og svært mange andre hit igjen for å skaffa seg nye naturopplevingar.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland