Mange har lagt merke til Gråtassen i vegkanten på Feet. Veterantraktoren gjer jobben som ein del av ein moderne vedmaskin. Johannes Kaldestad Feet og Frode Stensletten er eigarane. Dei kjøpte Gråtassen hos Idar Teigen på Husnes i 2002-2003. Det er ein 1954 modell Ferguson TEF, med Standard Motorcompany, 4 sylinder dieselmotor, på 28 hestekrefter. Traktoren vart registrert med skilt fyrste gong i 1971. Den gongen var det eit krav frå vedmynighetene at traktorar med toppfart på over 20 km/t, skulle registrerast. No gjer Gråtassen med sine 69 år jobben og driv vedmaskinen på Feet.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal