Ni lag og organisasjonar i Uskedalen er tildelt godt over kr. 200 000,- frå Grasrotandelen. Grasrotandelen frå Norsk Tipping vert utbetalt fire gonger i året. Tildelinga i januar gjeld for siste tertial i 2023. I Uskedalen toppar Idrettslaget lista med ei utbetaling på kr. 109 846,-. Ein god nummer to er Uskedal skulemusikk med kr. 33 246,-. Blandakoret Røysterett for Alle har faktisk ei tildeling på heile kr. 20 144,-. Dette er dei seks andre laga i prioritert rekkjefylgje:

  • Uskedal Ungdomslag
  • Festidalen
  • Uskedal Helselag
  • Uskedal Utvikling
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal Musikklag

Bakgrunnen for Grasrotandelen er at kvar gong du tippar, kan du la 7 % av speleinnsatsen gå til eit lag eller ein organisasjon. Ein føresetnad er at oganisasjonen er registrert i Frivilligregistrert i Brønnøysund.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto