Grasrotandelen vert utbetalt tre gonger i året. Bakgrunnen for tildelinga er at deler av overskotet frå Norsk Tipping skal gå tilbake til lokalsamfunnet, til lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og som har tipparar som har merkt av kven som skal få sju prosent av spelesummen. Tildelinga denne gongen gjeld for juni – september. Idretten ligg på topp for tildeling.

Ikkje uventa toppar Uskedal Idrettslag lista for tildeling til lag i Uskedalen, med heile kr. 30 585,-. Som ein god nr. 2 kjem Uskedal skulemusikk med kr. 11 847,-. Røysterett for Alle: kr. 6 734,-. ( Sjå bilete )

Dei andre seks laga er:

  • Festidalen
  • Uskedal Ungdomslag
  • Uskedal Helselag
  • Uskedal Utvikling
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal Musikklag
Tekst/nett: Kristian BBringedal
Foto: Arkivfoto