
Grasrotandelen 2024 - gode pengar inn i lagskassen.
Uskedal Idrettslag toppar lista for Grasrotandelen i Uskedalen, heile kr. 105 900,- for 2024. Den som tippar, kan gje bort deler av overskotet til eit lag eller ein organisasjon. Summen tilsvarar inntil 7 % av det ein kjøper for. Her er dei ni laga i Uskedalen som er godkjend for Grasrotandelen:
- Uskedal Idrettslag: kr. 105 900,.
- Uskedal Skulemusikk: kr. 34 200,-
- Uskedal Helselag: kr. 13 700,-
- Uskedal Ungdomslag: 17 900,-
- Røysterett for Alle: kr. 17 000,-
- Uskedal Utvikling: kr. 8 000,-
- Uskedal Friluftslag: 3 400,-
- Uskedal Musikklag: 1 400,-
- Forsamlingshuset Vonheim: kr. 1 100,-
Alle tala er avrunda til heile hundre.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto