Fullt hus frå første tone på pinsebluesen.

Gråblå Strenger har spela to gonger tidlegare i Dønhaugkjedlaren. Begge gongene har det vore ein suksess med utselde konsertar. Pinseaftan gjentok dei fire dyktige og rutinerte musikarane, Dag Bergesen (bass), Trond Olsen (gitar), Tore Kvalvik (gitar) og uskedeling Bjørn Moe (trommer), dette. Gjennom dei to setta, som kvar var om lag ein time, var det mange høgdepunkt. Eitt av dei var då Daniel Kambestad, velkjend frå Vetrhus Bluesband og Uskedal Båthamn, henta fram munnspelet og spela med det dyktige bandet i eit nummer.

Gråblå Strenger med Daniel Kambestad på munnspel.

Det var tydeleg at publikum møtte opp med forventingar til konserten. Alt då underteikna kom til Dønhaug ei stund før klokka slo halv åtte, var det godt med folk rundt borda på plenen utanfor kjedlaren. Publukum kosa seg med den vakre utsikten i finveret fram til konsertstart klokka halv ni. Då var det fullsett i kjedlaren, og både musikarar og publikum fann godstemninga frå første tone. Etter det eg kjenner til, oppstod eigentleg Gråblå Strenger mest ved ein tilfeldighet. Musikarane merka med ein gong at kjemien mellom dei stemde 100 prosent, og dermed måtte det bli eit varig prosjekt for dei garva og Bergensbaserte musikarane som har prega musikklivet gjennom mange år, og i ulike samanhengar.

Ein stemningsfull blueskveld på Dønhaug.

Dette merka også publikum i Dønhaugkjedlaren. Dei er ikkje berre knallgode musikarar, dei er også svært godt samkjørte på alle måtar. Måten dei kommuniserte seg imellom, og med publikum innimellom låtane, var absolutt med og skapte stemninga saman med dei flotte musikkframføringane. Responsen frå publikum var også svært god.

I tillegg til uskedelingar og andre kvinnheringar, var også nokre utflytta uskedelingar og andre tilreisande blant publikum. Det må vera kjekt for desse å få ei slik oppleving når dei er i bygda. I pausen mellom dei to setta tok publikum turen ut på plenen, og der gjekk drøsen riktig så godt.


Kort sagt: Ein topp kveld på Dønhaug. Ikkje rart Dønhaug-vert Magne mest letta frå golvet og smilte heilt rundt når han bevega seg blant gjestene. Finst nokon betre i den rolla?

Tekst: Thor Inge Døssland
Foto: Inga Tveito
Nett: Kristian O. Bringedal