Idèen om klatretårn har utvikla seg til planar om eit aktivitetshus og ein sosial arena.

Dei som møtte på medverknadsmøtet om det nye aktivitetshuset på torsdag fekk svært god informasjon om planane og arbeidet med det nye aktivitetshuset. Chris Fossli og Steinar Haugland frå arbeidsgruppa sytte for det saman med arkitekten som arbeider med utforminga av bygget.
Etter at arbeidet starta for 3-4 år sidan med tanke på å byggja eit klatretårn i klatrebygda Uskedalen, har det gjennom arbeidet utvikla seg til planar om eit aktivitetshus med rom for mange aktivitetar i tillegg til til klatretårnet. Det blir lagt stor vekt på at det skal vera ein sosial arena og møteplass. På bildet over ser vi den valgte plasseringa sett frå Holmen.

Arbeidsgruppa Emil Stafsnes(f.v.), Chris Fossli, Steinar Haugland, Odd Steinar Arnesen og Michael Røssland har gjort ein særs god og grundig jobb. Vigdis Gammelsæter er også med i gruppa, men var forhindra denne gongen.

Det var altså tanken om å få bygt eit klatretårn av nasjonal storleik. Bakgrunnen for dette var posisjonen som Uskedalen har som klatreeldorado. Arbeidsgruppa undersøkte ulike mogelege lokaliseringar i bygda m.a. på Børnes, men dei enda opp med at beste lokaliseringa var i tilknytning til skulen og det eksisterande aktivitetshuset. Når vi høyrer om planane som no ligg føre, var dette utvilsamt eit godt valg. Vi får langt meir enn eit klatretårn berre for klatrarar.

Etter at dette var bestemt, blei det engasjert arkitektfirma, og det blei invitert til medverknadsmøte hausten 2019 der arkitektar frå arkitektfirmaet var med, og der dei ville ha innspel på kva aktivitetstilbod ein ønskte i huset. Dette tok dei med seg i det vidare arbeidet.

I koronaperioden har det blitt arbeidd vidare med dette, men naturleg nok i redusert tempo. Vi fekk m.a. sjå 10 ulike alternative plasseringar av klatredelen som hadde blitt vurdert. Dei landa på løysinga som er vist på bildet øvst.

Desse 10 plasseringane blei vurdert, før dei landa på plasseringa som er vist på bildet øvst i saka.
Dei siste teikningane

For tida pågår arbeidet med ny reguleringsplan, og håpet er at den skal vera i mål seinhaustes. Det måtte også føretakast grunnundersøkingar. Dette innebar ekstrakostnader på om lag 200.000 pluss 150.000 kroner.

Når reguleringsplanen er klar, er dei klare for å gå vidare med bygget som i sin heilhet vil bli plassert på kommunen sitt område.

Dei frammøtte fekk høve til å komma med spørsmål og innspel etter både arkitekten og arbeidgruppa sine innlegg. Mange nytta høvet til det. Svært mange ytra seg positivt til at det no var blitt planar om eit allaktivitetshus med stor vekt på ein sosial møteplass. Det kom også tydeleg fram at kapasiteten i dagens aktivivitetshus for lengst var sprengd.

Så langt underteikna kunne registrera var det i alle fall representantar frå Kvinnherad Turlag, skulekorps, helselag, dugnadsgruppa, musikklag, skulen i tillegg til mange grupper i idrettslaget.

Som ei siste økt fekk gruppene utdelt teikningane/skissene som no ligg føre, og dei fekk komma med innspel på kva ein burde prioritera areal til innannfor dei gitte rammene, og også arealbehov for ulike rombehov.

Møtet var svært godt førebudd, og dei som møtte opp fekk svært god kjennskap til arbeidet. Det blir veldig spennande å følgja arbeidet framover. Dette kan bli eit viktig løft for framtida i Uskedalen og Kvinnherad.

Dei frammøtte fekk mykje god og interessan informasjon. Dei fekk også komma med både spørsmål og innspel.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Arbeidsgruppa og Thor Inge Døssland.