Sindre Stensletten, dagleg leiar i Kvinnherad Asfalt, er godt nøgd med oppdraga for tida. Det er mykje arbeid. Berre i Uskedalen har det vore fire utleggingar i denne veka. Kvinnherad Asfalt har arbeid i heile Kvinnherad i tillegg til nabokommunane Ullensvang og Etne. Arbeidslaget tel fem menn, kvar på sine spesialoppdrag. I tillegg kjem ofte innleigd sjåfør og lastebil. Sindre Stensletten fortel til uskedalen.no at han har tre asfaltutleggarar, ein ny og to litt. eldre. Asfalten kjem frå Gismarvik i Rogaland, tilkøyrt på dagen og klar for utlegging innan nokre timar.

Å driva i asfaltfaget krev god planlegging og logistikk. Ein må snu seg fort rundt og finna kjappe løysingar. I løpet av dagen i dag legg verksemda ut asfalt til to kundar i Uskedalen. Det er ei variert kundegruppe, privatpersonar og for organisasjonar. Stensletten har merka seg at mange pensjonistar tenkjer forenkling og kva som må til for å redusera arbeidet i tunet og med tilkomstvegar. Asfalt gjer at det er reint og at ein slepp dette med grus og skade på vegen ved mykje nedbør.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal