Det er registrert eit godt frammøte til valet så langt. Mange har alt førehandsrøysta og nokre nyttar høve til å røysta på to dagars valet, anten i Rosendal eller på Husnes. Uskedalen, som fram til 2013 var eigen valkrins, høyrer no til Rosendal Valkrins. Ein kan likevel røysta på Husnes, om det høver betre. Bjørn Olav Tveit og Åse Neset Myklebust er valfunksjonærar frå Uskedalen i Rosendal Valkrins.

Heile 200 røysteføre møtte fram til førehandsrøystinga i Uskedalen i førre veke. Uskedalen.no har ikkje makta å få fram tal om kor mange røysteføre det er i det som før var Uskedal Valkrins, heller ikkje frammøteprosenten frå Uskedalen for fire år sidan. Det er merkeleg i tid med digitale løysingar at ein ikkje kan finna ut det meste ved til dømes å sortera på postnummeret 5463 Uskedalen.

Det er tillyst ein pressekonferanse på Rådhuset i kveld kl. 20.00 med informasjon om valet, gjennomføring og framdrifta i oppteljinga.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal