Godt frammøte til juletrefesten i Vonheim.
Heile 42 personar fann vegen til Vonheim i ettermiddag, små og store, unge og eldre. Tek vi med musikklaget, så er talet nær på 60. Anders Kristoffersen las juleevangeliet, slik han las det for 65 år sidan. Dette var noko, som alle elevane ved skulen oppi dalen, gjorde kvar sin gong, etterkvart som dei lærte seg å lesa. Ofte las to elevar juleevangeliet saman.

Det var god stemning, koseleg prat og god mat. Songen var god. Leikane gjekk unna med spenning og god lått. Nissen skuffa ikkje. Han kom med pakkar til borna. Festen blei avslutta med gong rundt juletreet – med to store ringer. Den tradisjonelle julesongen for Vonheim; “Mellom Berg og dyben dal”. er alltid eit fast innslag. Julefesten vart avslutta med “Deilig er jorden”.

Tusen takk til musikklaget, som kvart år spelar så gode og stemningsfulle tonar til oss. Laget fekk i gåve to par selbusokkar, eitt til kvart kjønn. På neste øving vert det trekking etter regla ” elle, melle, deg fortelle “. Takk til alle som kom, til denne kjekke tradisjonsfesten – i det historiske huset, Vonheim.

Tekst/foto: Møyfrid Kristoffersen Nett: Kristian Bringedal