Godt frammøte til den tradisjonsrike julefesten i Vonheim.
Haugland og Musland Grendalag held oppe tradisjonen med 4. dagsfesten i Vonheim. Før det, i Andreas Haugland si tid som lærar, var det også ein barnefest i krinsen, lagt til 3. dag jul. Julefesten i Vonheim i år samla mykje folk, frå grenda, bygda og frå andre bygder. Ja, det var gjester frå andre land også. Faste innslag i programmet er julemusikk ved Uskedal musikklag, juleevangeliet, leikar, tippekonkurranse og gang kring juletreet.
Eit særtrekk ved festen i Vonheim er at alle har med eigen mat. Borna får julebrus. Nissen frå Nåso sviktar ikkje. Kvart år finn han vegen frm til det vesle og koselege forsamlingshuset på Haugland.
Dei som vil lesa meir om julefestane i Uskedalen før i tida, kan klikka seg inn på denne sida: Historie – Uskedalsposten – Jula 2012.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Møyfrid Kristoffersen