I fjor hadde skriftstyremedlemmer i Uskedal Historielag faste bildedagar ein gong i månaden på Kafè Tiaren. Då kunne gjestene sjå på bilde i dei 10 permane i det gamle arkivet. Etter eit år følte dei at dette var “brukt opp”.
I samband med bokarbeidet har det blitt lånt mykje kjekt bildemateriale som har blitt skanna. Derfor inviterte no skriftstyret til bildekveld der dei frammøtte kunne sjå nokre av desse bilda på “storskjerm”, og knyta kommentarar til nokre av dei. Første samling var i går, mandag, og det var gledeleg stor interesse og godt frammøte. Denne gongen såg dei bilde frå gardsarbeid i eldre tider, frå Uskedalsdagane og frå Fjellandsbøle.

Anne Karin Karlberg var heimom frå Kragerø og tok turen saman med mora Else Naasen som har vore ei god kjelde til fleire artiklar. Det er mange utflytta uskedelingar som viser stor interesse for arbeidet, og veldig kjekt når dei nyttar høve til å stikka innom.

På knapt halvannan time var dei gjennom 124 bilde. Dei frammøtte gav uttrykk for at dette var både interessant, kjekt og sosialt då flokken blei sitjande å drøsa ein halv times tid etter bildevisninga. Dei ønskte fleire slike samlingar, og det skal det bli. Når den tid kjem, blir det gjort kjent både her på sida, og på Uskedal Historielag si Facebook-side. Den har no godt over 800 følgjarar som jamnleg får servert nyhende frå laget sin aktivitet. Vi anbefaler alle som har interesse for historia til Uskedalen om å lika den sida.

Uskedal Historielag ønskjer heile tida å låna bilde. Både om ovannemnde tema og alt anna. Mange er flinke. Berre i går fekk vi to kjekke leveringar. Frå Brit Hjetland fekk vi bilde frå det gode barnelagsarbeidet i ungdomslaget på 1980-talet, medan Åse Neset kom med bilde frå det uforgløymelege jonsokarrangementet som vi hadde i bygda i mange år. Tusen takk til begge!
Dei som har bilde, kan ta kontakt på epost, uhl.skrivar@gmail.com eller på mobil 958 20 080 (Astrid) eller 932 88 237 (Thor Inge).

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian O. Bringedal