I dag har det vore samanhengande stor aktivitet på festivalområdet på Dønhaug. Allereie då eg var innom tidleg på føremiddagen, var det full gong på det og mange i arbeid. Utover dagen, og særleg etter arbeidstid, strøymde det til med folk. Det toppa seg kl.18 då det var frivilligsamling på låven.

I føremiddag var denne gjengen frå dugnadsgruppa (seniorgruppa) m.a. i arbeid med å snikra transportbane til drikkevarene frå traileren til baren.
Søstrene Skjoldal frå Samnanger har fleire år bak seg som smilande frivillige. Dei var med i helga og var tilbake i dag. Far Odd som er ein skikkeleg veteran, var på teltrigging i helga, og i følge døtrene er han tilbake i morgon. Denne supre Festidalen-familien har feriert på Øyro Camping i mange år.
Audun Eik, Bjarne Lilleås og Ove Myhre (frå seniorgruppa) set opp skiljevegger i teltet der det mellom anna skal seljast brus, kaffi og lappar i eine avdelinga og Festidalen-merch i den andre avdelinga.

Det var gledeleg godt frammøte av frivillige på samlinga der Ann Kristin Fausk, ei av dei som har ansvar for å rekruttera frivillige, gav informasjon om arbeidet med Festidalen. Ho presenterte også Festidalen-leiinga og gav innblikk i dei ulike gruppene og ansvarsområda.
Til slutt i fellessamlinga blei mangeårig frivillig Trine Nødland som nyleg gekk bort, minna.

Etter fellessamlinga fordelte deltakarane seg i sine ansvarsgrupper, og der gav gruppeleiarane meir spesifikk infomasjon om oppgåvene som ventar til helga.

Frivilligsamlinga blei avslutta god med mat, god drikke og sosialt samkvem på låven, men då måtte underteikna forlata området for å ta andre oppgåver.

Det verkar som om leiinga har god kontroll på arrangementet. Det er framleis behov for fleire frivillige så det er berre å melda seg. Det blei opplyst at det til no var 260 på lista. Billettsalget har vore strålande, og sannsynlegvis blir det publikumsrekord på årets festival.

Det var godt frammøte av frivillige på samlinga i kveld. Det var fullt rundt alle borda på låven til Magne Huglen.
Her er deler av matgruppa, leia av Tommy i BraLunsj, framfor boda der matsalget skal føregå i helga.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland