Det er lenge sidan det har vore så godt frammøte til eit møte i Uskedal utvikling. Tema var: Presentasjon av lagsaktivitetane i Uskedalen. Det var representantar frå 12 organisasjonar. I tillegg var styringsgruppa i 17. mai komiteen med for å gje status i arbeidet med planlegging og gjennomføring av årets nasjonaldag. 17. mai vert eiga sak på uskedalen.no. Her kjem eit kort utdrag av det som vart lagt fram av aktivitetar og tilskipingar i 2025.

Eva Reime og Gunn Mari Moberg frå Uskedal utvikling leia møte.

Aktivitetshuset:

  • Drift og utleige
  • Aktivitetar

Røystrett for Alle i samarbeid med Husnes Blandakor

  • Korkafe i Helgheim og i Kulturhuset Husnes
  • Japanprosjekt 21. og 22. mars: Markering ved at Clive Anderson vert pensjonist
  • 17. mai med song i fleire bygder

Vonheim

  • Årsmøte
  • Basar
  • Julefest
  • Vaffelsundagar
  • Yogatrening
Godtt frammøte og gode drøftingar.

Uskedal Musikklag

  • 2. mars: Fastelavenssundag – song- og musikkglede
  • 6. april: Unge talent – konsert i Helgheim
  • 17. mai – speling
  • 27. mai: Allsong på Tiaren m/ Kristian
  • Juni: Friluftskonsert på Stemneplassen
  • Syng med oss på insitusjonane held fram
  • Julegrantenning
  • Lotteri

Dugnadsgruppa

Slåket på kverna på Bygdetunet Rød

Strandrydding og planering Stølavikjo

Gapahuk i enden på skogsvegen Døssland/Feet

Stiar på fjellet

Uskedal helselag

  • Faste medlemsmøte
  • 30.03: Basar
  • Mai: Hjarteveka
  • Demensaksjon
  • To temamøte: Logopedi og Framtidsfullmakt
  • Julemøte – julepakkar

Uskedal sokneråd

  • 23.02: Årsmøte
  • 03.03: Salmekveld
  • 07.03: Tårnagentdag
  • 05.04: Konsert m/ Bjarte Leithaug – samarbeid med Singing Tweens. Meir om Singing Tweens kjem i eige innlegg

Uskedal historielag

  • 10.02: Årsmøte
  • Opne møte m/ tema vår og haust
  • Fredsjubileet: Markering 8. mai
  • 30.08: Utvandrarseminar
  • Oktober: Bokslepp – utvandrarbok v/ Torkel Stensletten
  • Julemøte

Uskedal Friluftslag

  • 10.02: Årsmøte
  • Våren: Vedlotteri m/ trekking i juni
  • 17. mai på Stemneplassen – i samarbeid med 17. mai komiteen
  • 14.08: Skårhaug Opp – samarbeid med Idrettslaget
  • 11.12: Lysmarsj over Skårhaug – Nissekassen

Uskedal ungdomslag

  • Drift Helgheim og Fjelly – mykje utleige
  • Bingo kvar onsdag
  • Julegraut – julegrantenning
  • Opne kveldar slik det var m/ Søringen

Uskedal bondelag

  • Medlemsmøte m/ tema
  • Julemøte

Uskedal utvikling

  • Open kjellar – ein fredag i månaden
  • Dugnad og rydding ute og inne
  • Nettsida uskedalen.no m/ kurs for nye kontaktpersonar
  • Kafe Tiaren kvar tysdag heile året

Det mangla utsendingar frå Uskedal skulemusikk, Uskedal Idrettslag, Dønhaug Gjestegard og Festidalen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal