Starten på førehandsalget av bok nr. 2 i den lokalhistoriske serien “Den nære fortida” tyder på at oppfølgjaren blir minst like populær som den første boka som kom ut i fjor. På standen i dag fekk boksalget god drahjelp av den gode stemninga som musikken sytte for. Kristian Bringedal stilte med trekkspel og allsonghefte, og resultatet blei to flotte avdelingar med Johannes Kleppevik-songar.
Publikum kosa seg skikkeleg i det nydelege veret. Dette resulterte m.a. i kommentaren “Dette er betre enn i by`n. Slikt opplever vi ikkje der!” frå ei Uskedals-dame som flytta ut til Bergen.

Det strålande veret og musikken skapte godstemning då Kristian Bringedal drog i gong allsong med trekkspelet sitt.

Historielaget er svært så godt fornøgde med både fredagen og laurdagen. Timane ved SPAR har resultert i mange førehandsalg av bok nr. 2, ein god del har kjøpt bok nr. 1 og laget har fått 9 nye betalande medlemmer.
Både kjøp av bøker og medlemskap kan framover ordnast enkelt ved å betala til vipps 76 38 03 (Uskedal Historielag) eller til bankonto 3207.37.52026. Hugs å skriva kva betalinga gjeld.

  • Framleis får ein bok nr. 2 til introduksjonspris på 250,- (200,- for betalande medlemmer.) Ordinær pris blir 300,- kr.
  • Medlemsskap: 200,-kr/år. Det er gledeleg å sjå at det også er medlemmer frå andre stader enn Uskedalen.
  • Bok 1: 300,- kr
  • Ved sending må ein betala 90,- kr i tillegg. Hugs fullstendig adresse.

Elles er det gledeleg å sjå at talet på dei som melder seg på facebooksida til Uskedal Historielag stadig aukar. No er det passert heile 650. Sida gjev viktig informasjon om aktiviteten og arbeidet i laget så vi anbefaler den.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland