Godt billettsal til Dreng som duger - representantar frå slekta til Jørgen Vikør er invitert og kjem til framsyninga.
Det er godt billettsal til framsyninga av Dreng som duger i Helgheim, sundag kl. 17.00. Meir enn 50 billettar er alt selde og meir vil det bli i helga. Det er også høve til å kjøpa billett ved inngangen. Steinar Vikør, brorson til forfattaren, med familie er inviterte og dei kjem til Uskedalen sundag, til saman fem gjester. Ungdomslaget legg opp til teaterkafe i kjellaren etter framsyninga. Meir informasjon vert lagt ut på ungdomslaget si facebookside og evt. her på uskedalen.no.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Uskedal ungdomslag