Eit samrøystes kommunestyre sa i dag ja til detaljplan for bygging av to fritidsbustader og tre naust med brygge/molo på 121/3 på Rød.
Admininstrasjonen får fullmakt til å gjera små tekniske endringar som ikkje endrar innhaldet i planen. Frå oppstartmøte til endeleg vedteken plan har det teke tre år. Planen sikrar bade- og friluftsinteressene i område. Det er ikkje motsegner. Kaien skal byggjast i tre, slik det er gjort på nabotomta der Bøkkerverkstaden ligg. Øyvind Hardeland frå AP hadde ordet i saka i dag. Han sa at dette er ei god sak, ein saksprosess som kan vera eit føredøme for andre. Å laga og få godkjent ein reguleringsplan tek lang tid, men no er planen på Rød endeleg i mål. Tiltakshavar er Runar Myklebust. BAMBUS arkitektur har vore konsulent.

Bilete syner del av pllanområde på 123/3 – ytre Rød.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal