S. Rødsten bilforretning AS i Herøysundet har komme seg svært godt gjennom tida som har vore så sterkt prega av korona.  Dagleg leiar Vegard Gundersen Jegteberg understrekar at vi har vore heldige som har hatt lite koronasmitte her i kommunen.  Derfor har dei hatt lite utfordringar som har hatt direkte innverknad på den daglege drifta.  Han kan fortelja om auke både på bilsalg og verkstadtenestene.

Tre av dei tilsette som er klare til å ta mot deg med eit smil: f.v. Helge Saghaug, kunderådgivar, Christin Gjerde, teknisk leiar på verkstad og Christos Sandvik, dele- og garantiansvarlig, kunderådgivar

– Rett nok har vi hatt ein liten nedgong på bruktbilsalget i første halvåret dette året, men det måtte vi rekna med etter rekordåret vi hadde i fjor.  I nybilsalget held auken fram, og dessutan er det svært gledeleg at vi har hatt ein positiv auke på verkstaddelen.  Der kunne vi nok òg hatt større auke, men største utfordringa som vi har der, er å skaffa fagfolk, fortel dagleg leiar Vegard Gundersen Jegteberg om utviklinga i verksemda.

Dei to siste somrane med koronatilstandar har ført til at mange har lagt ut på Norges-ferie.  Bilen har jo vore viktig i dette, og det har ført både til kjøp av ny bil eller til vedlikehald av den gamle.  Begge deler har slått gunstig ut for verksemda i Herøysundet.

-Vi er heldige og har mange trufaste og lojale kundar både når det gjeld bilkjøp og på verkstad.  Desse er sjølvsagt veldig viktige for oss. Men vi er så heldige at vi stadig også får nye kundar både på bilsalg og verkstad, fortel den daglege leiaren som understrekar at dei har gode merke i Kia og Subaru.  Begge merka er populære og sel godt.  Nokre av desse ser de på bilda, og de finn info om dei i bilettekstane.
-I tillegg har vi eit godt utval av bruktbilar.  Dessutan har vi eit stort nettverk så viss vi ikkje har drømmebilen inne, så skaffar vi den, legg han til.

Denne bilen, som Jegteberg viser fram ein pappvariant av, kjem ved årsskiftet. Det er ein Kia EV6 som det er stor interesse for, og Jegteberg fortel at dei har mange forhåndselde bilar av denne. Dette er ein Elbil med opptil 510 km rekkevidde, og som ein får med firhjulsdrift og hengervekt på 1600kg!
Denne blir sjølvsagt levert med Kia sin nybilgaranti på 7 år som er Norges beste nybilgaranti.
Bilde av dagleg leiar Vegard G. Jegteberg med Subaru Forester Hybrid. Dette er ein bil dei har selt ein god del av i år til tross for at mesteparten går for helelektriske bilar. Subaru sin heilelektriske bil er rett rundt hjørna og Vegard gleder seg til den kjem og lovar å komma med meir informasjon om den seinare.

På verkstaddelen har dei opplevd så stor pågang at dei kunne tilsett folk, men som mange andre verkstader slit dei med å finna kvalifiserte bilmekanikarar. 
Dei er merkeverkstad for Kia og Subaru, og i tillegg utfører dei service og reperasjonar på andre bilmerke. Jegteberg nyttar muligheten til å rosa den staben dei har.
-Vi har dyktige folk som brenn for jobben sin. Dei står på for kundane våre og for arbeisplassen sin.

Blant dei mange trufaste kundane hos S. Rødsten bilforretning AS er det også mange uskedelingar.  Dei kjem tilbake gong etter gong, år etter år.  Derfor har også firmaet funne det naturleg å støtte opp om uskedalen.no som ein av sponsorane på nettsida.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: S. Rødsten bilforretning(bilde øvst) og Thor Inge Døssland.