Gode prestasjonar i Lysebotn OPP - personlege rekordar på alle.
Det var mange gode resultat frå Lysebotn OPP i dag. Det er ein del av Blinkfestivalen som går av stabelen i Lysebotn, Ålgård og Sandnes. Fyrst ut er Lysebotn OPP. For deltakarane frå Kvinnherad, som i år representerer Rosendal TL og Uskedalen IL, vart det ein god start i strålande ver i ei fin ramme på arrangementet. Bilete på topp syner William Samland Eik.. Les meir om plasseringa under:
- Amalie Sundal Utne kom på 2. plass med tida 17,36 i klassen J12
- Peder Sundal Utne kom på delt 7. plass med tida 15,17 i klassen G12
- Cecilie Sundal Utne kom på 5. plass med tida 13,08 i klassen J14
- William Samland Eik frå Uskedalen fekk ein 4. plass på tida 9,52 i klassen G16
Det vart ny pers på alle. William var berre 3 sekundar frå pallplass. Han gjer det sterkt i klassen Gutar 16.
Tekst/foto: Gørill Samland Eik/ Øyvind Utne Nett: Kristian Bringedal