Røysterett for Alle/Husnes Blandakor er neste lag ut i ein serie om lagsaktiviteten, oppstarten i det nye året og evt. nye aktivitetar. Musiklask leiar, Maria Malmsten, fortel til uskedalen.no at ho er godt nøgd med øvingane så langt. Av nytt stoff tek ho med: Soul shadows, Isn’t she lovely, Jesus Christ superstar m m av A L Webber. I tillegg kjem religiøse folketoner, hits frå Beatles og The water is wide.

Maria Malmsten er musiklsk leiar for dei samarbeidande kora.

På vårplanen legg kora opp til:

  • Kafekonsertar
  • Syng med oss
  • Kyrkjekonsert
  • Nasjonaldagen 17. mai med fleire framføringar.

Tysdagen er øvingsdagen til Røysterett for Alle og Husnes Blandakor, vekselvis i Kulturhuset Husnes og i Helgheim.

Vidare drift av dei to kora, i samarbeid eller kvar for seg, vert sak på årsmøte, tysdag 27. januar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hans Ordin Østebø/ arkivfoto