Kvinnherad Vekstbedrift har for tida god tilgang på strongar til vedproduksjonen i Uskedalen. Det er levert trevirke både frå Uskedalen og frå Husnes, tilsaman om lag 300 kubikk. Veden kjem frå utmarka på Døssland der ein driv stort med hogst og taubanedrift. Dessutan har entreprenør Musland levert alt som vart hogge og rydda på tomta til nye Undarheim skule på Husnes.

Knut Inge Eidsvik tek den tunge jobben med kapping og klargjering for kløyving i 1000 liter sekker.

Mykje av den kløyvde veden vert levert i 40 l sekker, men no vil ein også produsera ved i 1000 l sekker. Det vert gjort ute på plassen der trevirke kjem inn og vert lagra før kapping og kløyving.

Kvinnherad Vekstbedrift køyrer og leverer ved i heile kommunen. Kundane er ofte eldre menneske som ynskjer å få vedsekkene borne på plass, anten det er i kjellaren, bod eller i garasjen. Kvinnherad Vekstbedrif, avd. ved, tek heile jobben som er produksjon, transport og levering på døra. Dei ser til at vedsekkene kjem på den plassen kunden vil ha dei.

Store mengder ved er levert frå Døssland i Uskedalen og frå Røssland på Husnes.

Ein brukar ofte mål som måleeining på ved. Eit mål utgjer 2400 liter.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal