God start på haustsesongen for eit stort kor.
Røysterett for Alle og Husnes Blandakor held fram samarbeidet. Tysdagen er øvingsdagen, vekselvis på Husnes og i Uskedalen. Då uskedalen.no var innom Helgheim, var i overkant av 34 songarar samla til øving. Det mangla 4 menn og 6 kvinner. Med alle på plass er det totale talet 44 medlemer.
Musikalsk leiar, Maria Malmsten, likar å jobba med eit stort kor. Ho fortel at kora starta øvinga i midten på august. Ingvild Toskedal er stemmeøver. Gro Skeie stemmeøver og akkompangatør.
Frå eit variert repetoar tek vi med: Fordi eg elskar deg, Kung Liljekonvalje Potpurri av A L Webber, Händel Italiensk renessansemusikk og Irsk folketone.
Det er lagt opp til helgaseminar, Syng med oss og julekonsert. Det er ein strålande kjekk gjeng å arbeida med. Maria er inne i sitt 19 arbeidsår med Røysterett for Alle, 6 år med Husnes Blandakor.
Nye koristar er velkomne. Møt opp 19.15-21.45.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal