Snittprisen på tømmer i andre kvartal var kring 500 kroner pr. kubikkmeter. Det er den høgste prisen som er registrert i eit kvartal på landsbasis. Sagtømmer, anten det er gran eller furu, har ein enno betre pris. Prisen på tømmer har generelt ein stigande kurve. Johannes Kaldestad Feet fortel til uskedalen.no at prisen pr. dags dato på tømmer, som vert skipa ut frå øvre Feet og Døssland i Uskedalen, ligg på 630 kroner kubikken. Totalt volum uttak i vegtraseen og noko privat er nær på 700 kubikk. Dei seks grunneigarane har avtale med Nortømmer om hogst, uttak og levering. Hjelmeland Hogst er utførande entreprenør. Leveringa er med bil til Granvin.

Tømmeruttaket i denne omgang gjeld vegtraseen og noko privat.

Musland Maskin har arbeidet med vegtraseen i lia frå Døssland til skifte med Elin og Geir Enes. Ordinært tømmeruttak er rekna å ta til våren 2023. Med større volum vil utskipinga gå over Børneskaien. Kaien skal vera ferdig opprusta i februar månad til neste år. Den totale tømmermengda på Døssland og Feet har eit volum på 26 000 kubikkmeter. I eit seinare innlegg vil uskedalen.no skriva om vegtraseen og entreprenøren sitt arbeid fram mot ferdigstilling.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal