Fint om folk stiller og hjelper til med siste finpuss tirsdag kl.17.

Ein tur oppom Festidalen-området på Dønhaug mandag føremiddag viste tydeleg at det hadde blitt gjort eit stort etterarbeid etter den særs vellukka festivalen. Det er rett og slett imponerande kva dugnadsfolket hadde fått gjort i løpet av søndagen!! Særleg med tanke på regnveret som sette inn om ettermiddagen.
Scenen var vekke, og som bildet over viser, var det berre ei einsleg vogn som stod igjen og venta på å bli transportert bort. Rundt på jordet var det meste vekke, medan noko stod stabla, og venta berre på tørrare ver så det kunne hentast.
Inne i teltet var pallene, som var blitt brukt, fint stabla klare til kjøring til lager. Barutstyr som kjøleskap og tappeutstyr var klart til å bli henta kl.14 av Bring. Det skulle vera klart til bruk i Stavanger-området frå onsdag.

Ikkje mykje som minner om storfesten på fredag og lørdag er igjen på jordet!
Ikkje mykje igjen som minna om festival-campen nede ved elva heller.

Då vi var oppom var det relativt stille. Vi høyrde berre lyden av drill og prat frå Magne Huglen og ein god nabo som var i ferd med å demontera kjørebanen for drikkevarer. Det måtte vera klart til Bring skulle henta barutstyret.

Magne Huglen og ein god nabo demonterer kjørebanen for drikkevarer slik at vogna skal bli klar til henting kl.14.
Inne i teltet var barutstyret klar til henting, og pallene var fint stabla!

På turen min vidare rundt dalen trefte eg sjefen for festivalområdet, Steinar Haugland. Han nytta eit lite avbrekk til å flytta lam til nytt beite før han igjen skulle til Dønhaug. Han var svært godt fornøgd med det dei hadde fått gjort søndag. Han berømma dugnadsfolket for innsatsen, og at dei stilte så mannsterkt og tidleg at dei fekk gjort så mykje trass i regnet.

I dag er det såpass vått på jordet at dei har utsett siste finpuss til i morgon, tirsdag, kl.17. Då vil det bli gjort rydding og anna førefallande arbeid, og Steinar Haugland håpar at mange stiller då også.

Det meste av utstyret blir lagra på Dønhaug, men slik som toalett og gjerde er lånt av utstyrspoolen til Kvinnherad kommune, og dette blir lagra annan plass.

Ja, det er imponerande innsats som blir gjort både før, under og etter Festidalen! Men så er det ei særs viktig hending for både Uskedalen og kommunen. Det set verkeleg Kvinnherad på kartet!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.