Mange vil støtta Stemneplassen.

Det var særs god respons då Uskedal friluftslag kickstarta andre runde i vedlotteriet med loddsalg utanfor Spar mandag. Berre to dagar etter trekkinga av det første lotteriet, kom det inn heile 6400 kr i kassen til friluftslaget. 1000 av desse var ei raus gåve. Med det som kom inn på den første omgangen, er inntektene i samband med vedlotteriet denne sommaren passert 30.000 kr. Imponerande!! Det er heilt avgjerande for drifta av plassen.
Mange av dei som kjøper lodd gjev uttrykk for at dei set stor pris på det gode arbeidet som er gjort på dette flotte anlegget dei siste åra.
Denne omgangen med vedlotteri vil bli trekt på konsertarrangementet med “något attåt” på Stemneplassen i første halvdel av august.
Viss det er nokon som ønskjer å kjøpa lodd eller gi gåve til drifta av plassen, men som ikkje var på Spar på mandag, er det berre å vippsa til 60 55 65 eller overføra pengar til konto 3207.37.52026 og merka med lodd eller gåve. Loddprisen er 100 kr. Dette er også ein fin mulighet til for utflytta uskedelingar å støtta opp om den vakre parken.
På bildet over ser vi ein fornøgd kasserar, Jofrid Eik, som sel lodd med liv og lyst!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland