Den gledelege aktiviteten i Ospelunden held fram, og det skjer stadig oppløftande ting i byggefeltet med den fantastiske utsikten. På relativt kort tid har det vorte, eller vil det bli, klart til innflytting i 8 bueiningar fordelt på tomannsbustader og einebustader. I tillegg er det denne veka starta med reisingsarbeid av ein ny einebustad. Oddbjørn Kroka kan fortelja at han har fleire på blokka som har vist interesse for å busetja seg i Ospelunden. Han kan også avsløra at det kan skje oppløftande ting på Stølen i sentrum av Uskedalen ganske snart.

Den siste einebustaden som dei starta å reisa denne veka. Neste sommar kan Synne Nissestad og Sander Huke sitja på terrassen og nyta den fantastiske utsikten dei får.

I løpet av sommaren har det blitt flytta inn i ein tomannsbustad og einebustaden til Tore Musland og Anne Grethe Sjo på toppen i indre del av feltet. Like ved nærmar også ein staseleg einebustad(bildet øvst) seg innflyttingsklar. I nabolaget der starta snikrar med reisingsarbeidet på einebustaden til ungdommane Synne Nissestad og Sander Huke denne veka. Ho er frå Husnes og han frå Rosendal. Det er Kvinnherad Bygg som står for bygginga av denne einebustaden, medan Sandvoll Entreprenør byggjer tomannsbustaden som no nærmar seg klar til innflytting, også den i indre del av feltet. Kroka opplyser at det er venta at innflytting i desse leileghetene skal skje tidleg i november.

Høgt oppe i ytre delen av feltet blir to einebustader klare til innflytting dei næraste månadene. Jostein Kroka sitt hus skal vera klart til haustferien medan Remi Onarheim har tidlegare sagt at han håpar å vera inne til jul.
I tillegg til bygga som er starta opp, har også Tord Sæle kjøpt tomt.

Denne tomannsbustaden skal bli klar til innflytting tidleg i november.

Oddbjørn Kroka i Ospelunden kan gledeleg nok fortelja om at det framleis er god interesse for å busetja seg i feltet.
-Eg har hatt ein litt for travel periode med andre prosjekt ei tid, men no er eg klar til å prioritera arbeid med både Ospelunden og Stølen, og forhåpentlegvis vil vi snart sjå resultat av det, fortel Kroka som er kjend for å ha mange gode jarn i elden.

Når det gjeld prosjektet på Stølen der det er planar om seniortun, kan han også fortelja om interesse sjølv om det foreløpig ikkje er signert nokre avtalar. Men viss eg oppfattar Kroka rett, så treng det ikkje gå så svært lenge før vi ser synlege ting som viser at det er på gang.
Seniortunet på Stølen, sentralt i Uskedalen, omfattar 3 tremannsbustader, til saman 9 leilegheter. I tillegg kjem fellesareal.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.